Røysa er bygd på eit framskytande nes i bakken, og den eksakte avgrensinga av det som er lagt av menneske er ikkje heilt klår, men tverrmålet er kring 8 m og høgda er godt 1 m. I toppen er eit 3 m vidt og knapt 0,5 m djupt søkk. Røysa er tilgrodd med mose og grastorv, men 15-50 cm store steinar/blokker stikk i dagen over det heile. På vestsida (nedsida) av røysa ligg eit band av 50-100 cm store blokker. Røysa ligg i hallande lende med mykje blokker og til dels jord- og steindungar. Kva som er resultat av jordskred og menneskeverk er vanskeleg å avgjera. Området er i dag beitemark, men har truleg tidlegare vore slåttemark, og ein del av steindungane er nok resultat av rydding. Den registrerte røysa kan såleis ikkje seiast å vera utan tvil.