Haugen er kring 16-17 m i tverrmål og kring 2 m høg. Han er heilt dekka av grastorv og tilvaksen med gamalt gras. I den sentrale delen er det eit godt 1 m djupt krater etter ein tysk luftvernstilling der det framleis står ein 1 m høg støypt pilar. Frå krateret går det to løpegraver, ei mot NO og ei mot SO. I krateret og i veggene i løpegravene kan ein sjå 20-50 cm store steinar/blokker.