• 66698

    id
    • 66698
    datafangstdato
    • 1977-07-13T00:00:00Z
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2004-01-27T19:40:51Z
    informasjon
    • Tufti er orientert VSV-ONO og måler innvendes 9,5 x 3 m. Veggene er steinblanda jordvoll, utan synleg muring. Vollane er vel 2 m breie og inntil 0,5 m høge. O-veggen ligg inntil bakkeskråningi ovanfor og er ikkje mykje tydeleg. Inngangen synest ha vore på den V-re stuttveggen, som vender ned mot gjelet.Eit prøvestikk synte mørk kulturjord under 5 cm grastorv og 10-15 cm brunjord. Det er mogleg det finst fleire tufter i området, men dette er den einaste som er lett synlegJohannes Bjelde fortalde at ifylgje tradisjonen var Kvaoledn ein gard i gamal tid, men kan ikkje seia noko nærare om kor lenge dette kan vera sidan.Th. Gunnarson omtalar Kvaolen i samband med eit epitafium som hang i Aurlandskyrkja til minne om ein Bergenskjøpmann, Niels Michelsen, som drukna i Vassbygdvatnet i året 1613. I fylgje bygdetradisjonen vart han myrda av folk frå Vassbygdi. Ein slektning av enkja dukka seinare opp på eit ting i Aurland og "spurte ut i tingalmuen om nogen hadde greie på eiendommen Kvålen som avdøde kjøbmann Niels Michelsen i Bergen hadde hatt eiendomsretten til. En kar fra Veum som stod i ett eller annet slags forhold til drapssaken, holdt på å forsnakke sig. Dette blev da hindret - sier sagnet videre - ved at en mann drog ham i trøien og sa: Tig du, so ska du fao beste remen. Denne remen av Kvaolamannens panterettighet hører den dag idag til gården Veim eller Veum." (Gunnarson 1929: 65).Epitafiet som gjev att Davids salme 109, vers 1-22, ein hemnsalme over ustraffa fiendar, hang i kyrkja til 1926.Ettersom Kvaoledn også i 1613 synest ha vore ein teig, og ikkje ein gard, må øydegarden vera eldre enn frå det 17de hundreåret. Yngre kan han ikkje vera, om ein skal døma etter byggjemåten i tufti.
    kommune
    • 4641
    kulturminneId
    • 66698
    lokalId
    • 66698
    målemetode
    • 82
    nøyaktighet
    • 500
    oppdateringsdato
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opphav
    • Universitetsmuseet i Bergen
    versjonId
    • 20210217