Haugen er 7 m N-S og 5,5 m O-V og kring 0,70 m på det høgaste i SO. Haugen er heller klårt markert i N, V og S avdi det her ligg store steinblokker langs kanten. I O er han noko meir uklårt markert. Storleiken på steinane i kanten er opp til 0,8 m. Haugen er ikkje særleg godt synleg i lendet. I austlege delen av haugen er det ein konsentrasjon av store blokker. Den største av desse er 1,3 m lang, 0,60 m brei og 0,25 m tjukk. Store deler av haugen er dekt med gras.