Røysa som vert kalla Svartevarden, måler 8,5 m i tverrmål, og har ei høgd på omlag 1 m. Steinane/blokkene er frå 0,15 - 0,7 m store, medan dei fleste måler omlag 0,3 m. Steinane/blokkene er nakne. Det er ein varde i søraustre del av røysa. Den måler 2 m i tverrmål nedst, smalnar litt av mot toppen og har ei høgd på 1 m. Steinane som varden er bygd av, er tekne frå nordaustre halvdel av røysa, men det ligg nokre få steinar att som markerer kanten av røysa. På denne halvdelen veks det no tett med låge eine. Røysa er utkasta i SO. Kring røysa veks det eine og lyng. Røysa er tydeleg markert og godt synleg.