Lokaliteten måler omlag 50 kvadratmeter. Her er lyng- og starrvegetasjon med ein del opne erosjonsflekker med småstein og avslag i dagen. Per Fett skriv: Verkstadplass ligg 100 m S-SSO for fk. nr. 2 på ei hylle i hallet mot Aurebettjødno i O. Staden var forsøksvis kalla Uratangen III, men berre i dagbok, og bør eventuelt heller kallast etter tjørna. Her er ca. 50 m2, nær 15 m o. h. Prøvegraving 1918 (Haakon Shetelig og Anders Nummedal) og då fanst B 7033, men meir har vore oppsamla av fagfolk sidan. I stranda nedanfor fanst B 7034, ca. 5 m o. h. Nå er her inga strand, men vi kan gisse på vika i NO, enda det heller ikkje her eigenleg er nokon strand.