Røysa er kring 10 m i diameter og mellom 0,5 - 1 m høg. Avgrensinga er noko usikker grunna tilvaksing og det faktum at det ligg mykje stein rundt i terrenget kring røysa. Ho er bygd på ein naturleg høgde av kanta steinar/blokker, 15 - 40 cm store, med store i midten og mindre utover. Røysa er tilvaksen med mose, gras, noko eine og litt lyng. Midt i røysa er det plassert ei dobbel høgspentmast. Steinane/blokkene her ligg nakne i dagen, dei er større og meir skarpkanta enn dei som ligg utover i røysa, og er alle av same bergart som undergrunnen, medan dei som ligg utover i røysa er mindre og samansette av andre typar bergarter enn dei som er i berggrunnen rundt røysa. Ein kan såleis ikkje sjå bort frå at heile sentrum av røysa er resultat av kraftlinearbeidet. Dobbeltmasta vil snart verta fjerna i samband med utskifting av lina.