Gravrøysa som er 10 m i diameter og 1,5 - 2 m høg, er lagd opp av 0,2 - 0,7 m store steinar/blokker på ein knaus. I NO-delen finst to søkk, 1,2 m vide og 0,7 og 0,9 m djupe. Langs kantane kan ein sjå muring i fleire skift. Det er mogleg dei er av nyare dato. På toppen av røysa ligg eit relativt grunt, men vidt søkk. Søkket er mosegrodd og det veks ein del gras her. I sentrum av røysa veks ein del eine, like eins langs kanten i NO-delen. Ho er mykje utkasta og av den grunn dårleg markert, men er godt synleg. Nedanfor røysa i NO ligg ein del stein som truleg er utkasta herfrå.