Kleberbrotet strekkjer seg over kring 100 m med hovudorientering VNV-OSO. I frå bakken og opp til 4 - 5 m høgd kan ein sjå ei rekkje spor etter kleberuttak. Desse spora er særleg tydelege der det ikkje veks tre og kratt framfor berget, ein strekning på kring 40 m. Her er det lengst O teke ut kleber ved bakken, slik at det er danna eit 7 m langt, 1,5 - 2,5 m høgt og opptil 2 m djupt overheng i berget. I kleberbrotet kan ein sjå fleire emne til kvadrar i ulike stadium. Som døme kan nemnast at litt V for midten av den delen av berget som ikkje har lauvtre framfor, 7 m O for ein røyrleidning som kjem ned langs berget, finst ved bakkenivå emnet til ein kvader som er 0,55 x 0,55 m vid og 0,2 - 0,25 m tjukk. I fylgje segna skal det i dette kleberbrotet vera hogge ut kvadrar til Mostra-kyrkja.