Lokaliteten ligg i hagen, i dyrka mark, til bruk 56/1. Her skal i tillegg nemnast at i nordaustre del av myra, innanfor 10 m V for Hovlandsvegen, ligg eit funnområde, 2 moh., nemnt av Fett som fk. 1/2. Elles kan nemnast at i samband med ei kloakkgrøft som blei teken opp i Sokkamyro si lengderetning, VSV-ONO, blei det oppteke funn frå lokaliteten fk. 1/4 i V til enden av grøfta i ONO. Her vart funne av ryolitt og grønstein: øksar, emne og avslag. Såleis kan ein sjå at heile Sokkamyro-området er svært funnrikt, og at ein bør rekna heile arealet som lokalitet frå steinalder.