Samlinga er orientert NV-SO og strekkjer seg over eit 18,5 m langt område. Breidda varierer frå 4,5-11 m. Røysa heilt i SO er klårt markert, medan dei i NV er meir utydelege.Røysa fk.nr. 5/1 er 11 m NO-SV og 7 m NV-SO. På det høgste er ho 0,8 m. I røysa er eit krater, 1,8 m i tverrmål og 0,7 m djupt. Ho er bygd av nakne steinar/blokker, 0,1-0,6 m i tverrmål. I sørvestre kant av røysa ligg ei helle. Denne er 1,5 m lang, 0,8 m brei og 0,15 m tjukk. På røysa veks noko mose, bregnar og lyng, og midt i står eit rognetre.Røysa fk.nr. 5/2 er 4 m NV-SO og 5 m SV-NO. Høgda er kring 0,5 m. Det er få synlege steinar, avdi dei ligg under lyngen, men storleiken på dei ser ut til å vere 0,1-0,5 m.Mellom desse to røysene ligg nokre steinar som mogelegvis kan vere frå ei røys her. Tverrmålet på denne steinsamlinga er kring 4 m. Det er eit grunt søkk, 1,2 m i tverrmål. Høgda på denne noko tvilsame røysa er 0,3 m. Her veks lyng og mose.