• 6676

    id
    • 6676
    datafangstdato
    • 1981-07-24T00:00:00Z
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2004-01-27T18:19:30Z
    informasjon
    • Samlinga er orientert SV-NO. Lengda i denne retninga er totalt 60 m. Breidda er kring 7 m. Haugen fk.nr. 1/1 ser ut til å ha vore kring 6 m i tverrmål. No er han berre tydeleg i NV. Her kan ein sjå ein svak forhøging, medan han i SO verkar mest heilt utplanert. Det er vanskeleg å avgjere høgda. Det er inga grøft å sjå, slik Fett skriv. Haugen er grasvaksen og i ytterkantane veks lauvtre. Haugen er ikkje klårt markert, og det er vanskeleg å sjå han i terrenget, dersom ein ikkje veit at det skal vere noko her. Haugen fk.nr. 1/2 er 7,5 m i tverrmål og ca. 0,3 m høg. Han ligg 12 m NNO for fk.nr. 1. Haugen er ganske klårt markert, avdi han har ei grøft i søraustre kanten (øvre kanten). Haugen er noko ujamn i overflata, men verkar urørt. Her veks høgt gras og i kanten i NV er det nokre lauvtre. Haugen fk.nr. 1/3 ligg 20 m NO for fk.nr. 1/2. Han er 6,5 m i tverrmål og kring 0,3 m høg. Haugen er klårt markert avdi det går ei grøft heile vegen rundt. Truleg er han endå klårare når det ikkje veks så høgt gras her. Sentralt i haugen er eit rektangulært søkk orientert O-V. Dette er 2,5 m langt, 1,0 m breitt og 0,2-0,3 m djupt. På haugen veks nokre store bjørk- og rognetre.
    kommune
    • 4645
    kulturminneId
    • 6676
    lokalId
    • 6676
    målemetode
    • 82
    nøyaktighet
    • 500
    oppdateringsdato
    • 2026-01-28T14:10:12Z
    opphav
    • Universitetsmuseet i Bergen
    versjonId
    • 20210217