Røysa er 15 m N-S og 12 m O-V. Ho er kring 2 m høg. I N, S og O er røysa klårt markert. Her ligg naken stein i dagen, noko av denne kan vere utkasta frå røysa. Breidda på denne kanten av naken stein som markerer røysa her er frå 1,5-4 m. I V er det ingen klår kant av stein, men det ligg nokre steinar her og der som markerer omkrinsen på røysa. Her ser det ut som stein er blitt kasta nedover skråninga mot sjøen. Steinane/blokkene i røysa er 0,1-0,7 m store. Røysa har ei ganske plan overflate midt i, der berre få steinar er synlege. Her veks det lyng og brake.