Gravrøysa ligg i eit søkk oppe på kollen. Ho ser ut til å vera kring 6 m O-V og kring 4 m N-S. Storparten av røysa er utkasta slik at det berre ligg nokre få steinar att nede i søkket. Desse steinane er mykje tilvaksne med lyng og gras. Røysa er dårleg markert og lite synleg i terrenget.