Røysi er 8-10 m i tverrmål, 1,5 m høg og er bygd av kanta, grov stein med torvdekke over det meste av den V-re helvti. O-re helvti, som ligg på bnr. 9, er øydelagd og svært uryddig. Stort krater i sentrum. Eit nettinggjerde går tvert over røysi. Ifylgje Lars Styve var røysi både høgare og vidare før.NB: Ein sabel vart funnen av Lars Skjerpe i røysi. Denne skal no vera på Stalheim turisthotell. Sabelen var ca. 70 cm lang og 2 tommar breid. Han låg i lag med småstein under ein mykje stor stein.