Samlinga som inneheld 2 gravhaugar måler 33 x 11-13 m, orientert NNO-SSV. Haugen fk. 4/1 som blir kalla Learhaugen, ligg lengst SSV. Han er kring 13 m i tverrmål og 1,5 m høg. Avdi haugen ligg på ein naturleg kul er avgrensinga heller usikker. Haugen er heilt grasvaksen og er ujamn på toppen. Inn frå kanten i SV er det eit 4 x 2,5 m vidt og 0,75 m djupt søkk, orientert NNV-SSO. Ved kanten av haugen i VSV ligg ei 1 x 0,8 x 0,5 m stor blokk. Haugen er godt synleg i lendet. Haugen fk. 4/2 ligg 10 m NNO for fk. 4/1. Han er 10 - 11 m i tverrmål og 1 m høg. Heile haugen er grasvaksen, og markeringa er noko uklår. Toppen av haugen er avflata. I midten er eit knapt 2 m vidt og 0,3 m djupt søkk. Nede i søkket kan ein kjenna steinar under grastorva. Haugen er godt synleg i lendet.