Dei to gravhaugane vert kalla Belehaugane. Samlinga har ei utstrekning på ca. 50 m x 20 m, orientert NNV-SSO.Haugen fk. nr. 1/1 var opphaveleg den største av haugane, men var mykje utjamna før han i 1886 vart oppattbygd til 18 m i tvm. og 2 m høgd. Haugen er no grasgrodd og Belestøtta står på toppen.Haugen fk. nr. 1/2 ligg tett N for 1 med ei diger bjørk på. Haugen var i si tid mykje utjamna, men vart oppattbygd i 1886 til 16 m i tvm. og 2 m høgd. På haugen vart det sett ein bautastein, som i 1886 kom frå Flesje, men opphaveleg skal ha stått på Bale.