Samlinga inneheld følgjande haugar og røyser :Fk. nr. 1/1, som vert kalla Målhaugen, ligg omlag 75 m fra stranda på enden av eit ra. Han er bygd av grus slik at der er eit stort søkk ovanfor (NV). Haugen er 30 m i tverrmål og 4 m høg. Der er eit djupt innhogg frå NO.Fk. nr. 1/3 var tidlegare ein langhaug som målte 30 x 5 m OSO-VNV.Det står no att ein bit på omlag 4 m i lengderetninga på kanten av grustaket. Breidda er som før 5 m. Avstanden frå hus med sprengstoff nedst i grustaket til nedre kant av haugen der han skjer grustaket, er 8 m.Fk. nr. 1/4 ligg på ei smal hylle 8 m O for fk. nr. 1/3. Avstanden frå vestre spiss til huset med sprengstoffet vart ved registreringa målt til 8 m. Haugen er 35 x 6 m NO-SV, 1,5 m høg. Omlag 17 m frå vestre spiss er der eit omlag 3 m langt (i lengderetninga) søkk i haugen, og 24 m frå vestre spiss skjer eit søkk haugen i to deler.Haugen fk. nr. 1/7 som ligg langs med og 3 m S for 1/4, er 17 x 6 m NO-SV og 1 m høg. Det er eit djupt søkk mellom haugane. Den austre spissen av haugen ligg 19,5 m frå austre spiss av fk. 1/4 i SSO-leg retning.Røysa fk. nr. 1/5 er bygd av naken stein på ein knaus mot sjøen, 34 m ONO for austre spiss av haugen fk. nr. 1/3. Svært utkasta mot V. Røysa er10 m i tverrmål og 1-1,4 m høg.Røysa fk. nr. 1/6 ligg 5 m NV for 1/5. Røysa er bygd av naken stein. Ho er 5 x 3 m vid og 0,5 m høg. Ho ligg i utkanten av dyrka mark og noko rydningsstein er tvillaust kasta på. Kor vidt ho i sin heilskap er ei rydningsrøys, er vanskeleg å seia.