Eit myrdrag, no dyrka, delvis ope mot sjøen i NV, ligg omkransa av knausar og bakkedrag med noko berg i dagen. Samlinga ligg langs NO-re avgrensning av myrdraget som held fram vidare mot SO, der fornminne førebels ikkje er kjende. Samlinga omfattar eit område som er ca. 200 m langt og opp til ca. 85 m breitt, orientert NNV-SSO, og inneheld følgjande tre lokalitetar: 1. Lokaliteten Fetts fk. 1/1 (Brøgger 1913: felt A, B, F) ligg langs austre kant av Nesmyra V for tunet. Alle funn ligg langs ei 200 m lang stripe langs åkeren, ikkje under 12 m o. h. og ikkje over 14. Herfrå er ukjende deler av B 6340. vidare B 6444, frå partiet ved fjøset kjem B 6600 S, B 6643 E og B 6976 E, frå NV for hovudhuset (ved rognen) kjem B 6643 C og frå nordenden øvst i Naustvollen kjem B 6340 B, B 6600 F, B 6600 I, B 6643 B, B 6976 B og B 7507. 2. Lokaliteten Fetts fk. 1/2 (Brøgger 1913: felt D) ligg på flata over buplass 1, ikkje under 15 m o.h. Han rekk frå noko S for hovudhuset til Jonsokhaugen i N. Kring hovudhuset fanst B 6193, B 6600 A, B 6643 A og B 6976 F. Nærare fjøset var B 6600 C og B, medan det på den lognaste plassen (Jonsokhaugen) fanst delar av B 6340 og vidare B 6443, B 6600 D-E, B 6643 D, B 6976 A, G og 10595. 3. Lokaliteten Fetts fk. 1/3 (Brøgger 1913: felt G) ligg på staden Grueflot. Her vart utgrave 21 m2 i 1909. Staden ligg øvst i ei 12 m brei myr mellom svaberg, 13 m o.h. tett V for ein liten loddrett hamar. Kulturlaget var ei tynn flo på grasbotn med myrtorv over. Grue av runde steinar, 1 m i tverrmål. Herfrå er B 6340 C og 6341.