Dei to lokalitetane ligg på kvar sin ende av Seljehaugen. Den nordre på 8 m2 vart utgraven i 1910 av Haakon Shetelig og Eyvind de Lange. Haugen var før nake berg, no graskledd. Begge stader ligg mellom 13 og 14 m.o.h. Oldsakene låg i eit tynt lag beint på grusbotnen. Kommentar 8.6.76:For eit par år sidan var Indrelid og Odd Strand på staden og tok då eit prøvestikk på den N-legaste funnstaden (Brøggers felt H). Det vart då konstatert funnførande kulturlag under torvsvoren.