Røysa er bygd av mindre rullestein med ein del større steinar innimellom. Ho er øydelagd i midten av ein 3 x 4 m sementplatting, som er delvis oppmurd av stein frå sjølve røysa. Ein sti frå hytta skjer gjennom røysa i S. Ho har truleg opphaveleg vore rund med eit tverrmål på 16-17 m. Det vart ikkje funne restar etter ein steinring som har lege i nærleiken.