Røys fk. 3/1: Røysa ligg på eit lite platå 15 m rett opp for sjøkanten, ca. 8 m o.h. Ho er bygd opp av rullestein og kanta blokker, og er overgrodd av lyng og einerbusker. I midten eit 2 x 1 m søkk. Tverrmålet på røysa er omlag 10 m. Mykje overgrodd m.a. av buskfuru. Røys fk. 3/2: Røysa ligg 13 m o.h. på enden av ein NO-SV gåande bergrygg. Avstanden ned til røys fk. 3/1 er 15 m. Røysa er forstyrra og berre nokre få steinar er synlege. Ho har truleg vore omlag 10 m i tverrmål.