I samband med begge registreringane er her m. a. funne 18 avslag av flint og rhyolitt, ein flintflekke, eit kjernefragment av flint og ei mogeleg kjerneøks av flint (B14346). Under registreringa i 1977 vart det i omrota massar, som var grave fram i samband med hyttebygging, funne mengder av grønsteinsavslag men også m.a. avslag av flint og rhyolitt, ein flintflekke, eit kjernefragment av flint og ei mogeleg kjerneøks av flint. Under registreringsarbeid for Hordaland fylkeskommune i samband med ein reguleringsplan for Eidesvikområdet vart det den 5. juni 1996 teke to prøvestikk med 10 m mellomrom ute på flata 10-15 m sørvest for det tidlegare funnområdet. Begge prøvestikka synte eit 15-25 cm tjukt matjordlag under grastorva med eit opp mot 10 cm tjukt meir steinhaldeg jordlag på botnen. I kvart av prøvestikka vart det funne sju små avslag av flint og rhyolitt. Det er all grunn til å tru at begge funnområda representerer ein samanhangande lokalitet, som har ei utbreiing på 30-40 x 10 m.