Røysa som er sirkulær, er bygd opp av steinar/blokker og heller som er 10-70 cm store. Ho er 15,5 m i tverrmål og omlag 1,5 m høg i austre enden, som synest å vere nokonlunde intakt. Det er fleire store krater i røysa, men ho er elles lite øydelagd og nesten ikkje utkasta. Det er lite vegetasjon i sjølve røysa, eit par furuer og nokre brakebusker. Ho syner derfor godt i terrenget,3,5 m S for røysa ligg ein 2,10 x 1,40 m stor elipseforma steinpakning, orientert O-V. Steinpakningen er samansett av eitt lag med 10-30 cm store steinar som synest å liggje i eit system.