Brotsona strekkjer seg frå sørenden av Siggjatjødno og ca. 400 m mot VSV. I VSV-enden har brotsona ei breidde på omlag 175 m. Den smalnar av mot NNO og nullar heilt ut ved Siggjatjødno. Det er fleire konsentrasjonar av brotstein innan brotet. I den største, heilt i VSV-kanten, vart det i 1979 undersøkt to kvadratmeter. Laget med avfallsmassar var her 70 cm djupt. Tre radiologiske dateringar (14C-dateringar) frå dette feltet gav alle ein alder på kring 4900 år før nåtid.