I nordaustlege delen av det oppdyrka området i dalen stikk det fram ein bergknaus frå N. Langs vestsida av denne bergknausen, innanfor eit 30 x 5-7 m stort, vegetasjonslaust område, vart det funne store mengder grønsteinsavslag. I framhald av dette området, på nordsida av steingarden som markerer grensa mot utmarka, vart det funne grønsteinsavslag i ei grøft. I ein åker 22 m V for kanten av det vegetasjonslause området, blei det også funne grønsteinsavslag. Lokaliteten strekkjer seg såleis truleg minst over eit kring 50 x 50 m stort område.