Fornminne: Grop/fangstgrop. Kulturminnet er ei rund til firkantig nedgraving, om lag 2,5 m i diameter (indre mål) og 0,5 m djup, med synlig voll i N og S, om lag 0,7 m brei og inn til 0,3 m høg - tilgrodd med lyng og nokre småbjørker. Om lag 10 m S for R2 og 25 m VSV for gardsvegen, midt ovafor sandtaket, blei det oppsamla to avslag og ei kjerne av melkekvarts. Det eine avslaget kan vere emne til ein pilspiss. Funna låg antakeligvis in situ i grense med avtorva område. Dei har muligeins samanheng med R2. Det blei ikkje gjort nærmare undersøkingar i dette området, som ligg utafor den omsøkte tomta.