Beskrivelse fra lokalitet:
På en middels stor terrasse med en knaus i V, uregelmessig og skråning ned til Ø, åpent i N og S. Veldig typisk sted. Et prøvestikk ga noe skjørbrent stein og 12 stykker flint. Sand og grusjord. Kanskje en fortsettelse av 13-213, som ligger ca. 5m høyere og 75m S for 13-219, men det er ikke noe særlig sannsynlig.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Lok.32 ligg nærare 70 m nordaust for ID134339 (lok.31), på ei stor flate som ligg som ein odde ut over det lågareliggande terrenget rett søraust for monumenthoggeriet. Sørleg del av lokaliteten er no planteskog med store grantre, ganske open undervegetasjon, nordleg del er hogstfelt. Det vart til saman gjort 9 positive prøvestikk her, noko som resulterte i 1 fragment av ein flateretusjert pilespiss, 1 mikroflekkeavslag og 22 avslag av flint, samt 2 bitar med brent bein. Jordmassane er sand og grus. Funna vart gjort på djupn frå 15 til 40 cm, rett under torva til noko nedi gruslaget. Lokaliteten avgrensast av stigande terreng og negative prøvestikk i vest, negative prøvestikk samt lågareliggande terreng i nord, sør og aust. Storleiken er rundt 160x56 m (ca. 5758 m²). Høgda over havet er 50 meter, noko som etter strandlinjekurvene daterar lokaliteten til ein 5600 f. Kr. Den flateretusjerte pilespissen i funn nr. 106 høyrer ikkje til i denne perioden, men daterast tradisjonelt til sein yngre steinalder og eldre bronsealder. Dateringa på denne tør difor heller vere frå 2000-1500 f. Kr. Om det er ei bortskoten pil eller om området har ulike bruksfasar ned til denne perioden er uvisst, men det siste er truleg, noko som kan støttast av funna frå ID32401 (lok.33). Slike store flater er ikkje uvanlege som neolitiske buplassar. Lok.32 er tidlegare registrert som truleg ID70514 i Askeladden (gass 13-219).