Lengst i NV:1. Rundrøys. Vekslande markert, godt synleg frå sjøen. Litt bjørk langs kanten, men ellers ligg steinane nakne. Mykje omrota og utkasta. Tobeint el. stolpe i SV kant. D. ca 12m, h. ca 1m. Kant i kant med og ANA for 1: 2. Rundrøys. Uklårt markert, lite synleg. Graskledd, nokre få bjørk og einer.Lite stein syner. Mest all masse er fjerna, mest berre botnlaget ligg att. D. 8-9m, h. 0,1-0,3m. På ein liten knatte ca 20 m SA for 1: 3. Rundrøys. Klårt markert, nokså godt synleg frå sjøen. Delvis gras- og mosekledd, nokre små einrar. Ein god del stein syner. Fjell stikk fram i SVdel. Omrota. D. ca 9m, h. ca 1m.