Rektangulær steinlegging. Orientert N-S. For det meste uklårt markert, lite synleg i lendet. Graskledd, ein del synlege steinar. Ligg på fjell. A del er mest heilt fjerna. I V syner eit 12 m l. stykkje avkantkjede. I N er kasta saman ei uregelmessig røys 5-6 m i d. og ca 0,6 m h. Her står og ein naturdanna bauta, svakt avskrådd i toppen. Orientert ANA-VSV og heller ca 10 grader mot N. På S breiside er innhogge + 881, fyrste talet skal vera 1, men er forvitra eller slege bort. Iflg. Ola Byre 1971 har farfar hans fortalt at nokre notfiskarar reiste steinen i 1881. Ola var ikkje viss påom steinen før hadde stått der den nå står. Steinlegginga er minst 12 m l., br. ca 4 m, h. opptil 0,4 m.