Lengst i VNV: 1. Rektangulær hustuft. orientert ca A-V. Vekslande markert, lite synleg ilendet. Graskledd. Ein del stein syner i veggjene som tykkjest vera noko utplukka for stein til bruk i gjerder. I ytterkanten av veggjene syner stykkjevis ei rekkje av store steinar. Veggjene er ca 2 m br. og opptil 0,5 m h. Golvet heller noko mot A. Ein har kjøyrt med traktor i V del av tufta, ennå utan synleg skade. L. ca 22 m, br. ca 6,5 m. Ca 1 m SA for 1: 2. Rektangulær hustuft. Orientert ca NV-SA. Vekslande markert, lite synleg i lendet. Gras- og mosekledd, litt lauvkratt langs NA sida. Ein del stein syner i veggjene, derav ein stor kantreist i NV ende. Ellers verkar veggjene noko utplukka for stein, særleg i NA langvegg der mest berre ei rekkje større steinligg att ytterst. Veggjene er 2-2,5 m br. og ca 0,3 m h. Golvet er nokså flatt men heller litt mot NA. L. ca 14 m, br. ca 8 m. I området er det utan tvil gammal innmark, nå dels kulturbeite, dels full- dyrka mark. Vanskelig å avgransa opphaveleg innmark.