Rundrøys. Nokså klårt markert, mindre godt synleg p.g.a. skog. Tilgrodd med mose, gras og lauvtre. Ein god del stein syner. I røysa er gravt to nokså djupe hol, eit i A og eit i V del. I det vestre holet syner eit gravkammer orientert NV-SA. Langveggene er bygd i ikkje særlig forseggjort turrmur i fleire skift. Endeveggen i SA vantar og den i NV tykkjest vera bygd av ein kantreist stein som nå skrår inn i kammeret. SA del av kammeret er dekka av tre store heller på eit ca 2 m l. stykkje. Dette er også avstanden mellom dei to utgravde hola. Kammeret er nå ca 3,5m l, ca 0,7m br. og ca 0,55m djupt. D. ca 16m, h. ca 1,5 m.