Feltet består av 6 gravrøyser, 1 fjerna gravrøys?, geil, åkerrein og 4 røyser/naturdannelser. Lengst i NNV:1) Geil. Orientert NV-SØ. Vekslande markert, lite synleg, graskledd. Ein del stein syner i murene som er ca 1 m br. og opptil 0,5 m h. Det indre er slitt ned i bakken. SV-arm går langs ei ca 20 m lang og ca 0,75 m høg åkerrein. Avstand mellom armane 2-6 m, L. ca 45 m.Ca 12 m SSA for 1:2) Rundrøys. Klart markert, godt synleg. Delvis graskledd. Mykje stein syner. Litt omrota i toppen og mot SV. Fotkjede. D. ca 12 m, h. ca 2 m.0,5 m VSV for 2:3) Rundrøys. Klart markert, lite synleg, graskledd. Ein god del stein syner. I SA-kant er ein ca 1 m h. jordfast stein. Det meste av massen er fjerna. Berre eit botnlag og ein krans langs kanten er bevart. Truleg fotkjede. D. ca 8 m, h. 0,4-0,6m.Ca 2 m SØ for 3:4) Rundrøys. Klart markert, godt synleg. Graskledd, 2 større raun. På toppen er tilkjørt mykje åkerstein, ellers urørt. Antydning til fotkjede. D. 15-16 m, h. ca 1,75 m.Ca 3 m SSV for 4:5) Rundrøys. Uklart markert, lite synleg, delvis graskledd. Nokre steinar, derav fleire jordfaste ligg att som vollar i SV- og NV-kant. Utgravd til botn mellom vollane. Ved SSØ-kant står ei dobbel el. mast. Usikker. D. ca 12 m, h. på vollane opptil 1 m. Undersøkt av AmS 1980.Ca 12 m S for 5:6) Rundrøys. Klart markert, godt synleg. Delvis graskledd. Mykje stein syner, særleg i SSØ-del der ein del masse er fjerna. I SV er påfylt noko åkerstein. D. ca 12 m, h ca 1,5 m.Kant ikant med og SSV for 6:7) Rundrøys. Vekslande markert, lite synleg, graskledd. Nokre synlege steinar. Litt omrota i toppen. Skada i SØ-kant der noko masse er fjerna. D. ca 7 m, h. ca 0,7 m.Ca 3 m SSV for 7:8) Rundrøys. Vekslande markert, mindre godt synleg. Delvis gras- kledd, mykje stein syner. Skada av bygdevegen i SØ-kant og av dyrka mark i NV. Mykje omrota i midten, masse er fjerna. El.-mast er nedsett i ØNØ-kanten. D. ca 11 m, h ca 1 m. Mellom røysene 4 og 6:Åkerrein. Orientert ca N-S, men buar ut mot Ø. Nokså klart markert, mindre godt synleg. Graskledd. I S-del er det fyllt åkerstein på utsida av reina. L. ca 25 m, h. ca 0,7 m.Spredt over heile feltet: 4 røyser nokså runde. Vekslande markert, lite synlege, graskledde. Bygd omkring jordfaste steinar. Truleg rydningar, men eit par kan også vera naturdanna. D. 4-5 m, h. opptil 1 m.