Feltet består av 2 langrøyser, 3 rundrøyser, 1 rundhaug, 2 åkerreiner og 2 steinsamlinger. Lengst i NV:1. Langrøys. Orientert N-S. Nokså klart markert, lite synleg. Mose- og graskledd, lauvtrekratt, nokre små gran. Stein under moselaget. Stor grop i midten. L. ca 12 m, br. ca 5 m, h. ca 0,75 m. Ca 1 m SA for 1: 2. Rundrøys. Klart markert, mindre godt synlig. Gras- og mosekledd,mange lauvtre. Ein heil del stein syner på toppen der den er noko avflata ved at stein er fjerna. Ellers uskadd. Eit steingjerde går ca NNV-SSA inntil ANS kant. D. 16-17 m, h. 2-2,5 m. Ca 26 m S for 2: 3. Rundrøys. Vekslande markert, lite synleg. Gras- og mosekledd,lauvtrekratt. Ein heil del stein syner i midten og mot SV og S. I midten er eit ca 0,6 m djupt krater, frå dette har ein kasta ut stein mot SV. Kanskje spor etter kantkjede i S. D. ca 14 m, h. 1,5-2 m. Kant i kant med og S for 3: 4. Rundrøys. Vekslande markert, lite synleg. Lyng, mose og kratt, eistørre eik i midten. Ein del stein syner. Omrota i midten der det også er ei grop. Kanskje spor etter kantkjede i S. D. ca 9 m, h. ca 0,75 m. Ca 4 m ASA for 2: 5. Langrøys. Orientert A-V. Vekslande markert, mindre godt synleg. Delvis graskledd, ei furu på midten. Ein heil del stein syner. Om-rota, mykje stein er fjerna, særleg frå midtlinja og mot S. I A er påfyllt ein del åkerstein. L. ca 22 m, br. ca 4,5 m, h. 0,4-0,75 m. Ca 4 m SSA for 5: 6. Rundhaug. Uklart markert, mindre godt synlig. Graskledd, ei tvi- delt bjørk nær midten. Nokre få synlege steinar. Noko avflata oppå. Imidten står ein reist stein. Orientert NV-SA. Nokså godt synleg. H. 1,35 m, br. ved rota 1,2 m, i toppen 0,85 m. 0,4-0,6 m tjukk. På NA sida av steinen er gravt ei lita grop. D. ca 10 m, h. 0,4-0,75 m. Ca 14 m S for 6: 7. Omlag rektangulær haug. Orientert NNA-SSV. Graskledd. Ein del størreog mindre steinar syner. Ligg mellom 4 større jordfaste steinar. Området mellom haugane/røysane er rydda gamal åker. Mellom 2 og 4 ligg: 8. Åkerrein. Orientert ca N-S. Noko uklart markert p.g.a. ein god del stor og mindre stein på framsida. Mot S er det rydda aker. L. ca 40 m. Ca 18 m S for 8: 9. Åkerrein. Orientert ca N-S. Klart markert. Tilgrodd med gras, mose og lauvtre. Steinete og ulendt på framsida, på innsida (mot A) er ein aker som berre er 4-5 m br. L. ca 32 m, h. 1-2 m. Vest for 6 og S for 1 står 2 store jordfaste steinar.
Kontrollregistrering mai 2020: Innmåling og kartfesting av gravrøysene. Det er funnen att fire røyser. Røysene omtalt som nummer "5" og "6" har lagt ute på dyrka mark og er i dag bortdyrka. Røys "7" er ikkje attfunne, men det kan vere den vi ser rester etter omlag 17m aust for røys -3, like ved grenseskiljet. Her går ein steingard langsmed grenseskiljet, og det ligg mykje stein, men i varierande storleik. Kan vere rydning frå dyrka mark.
Det er omtalt to åkerreiner, men desse vart ikkje funnen. Den som er omtalt som "8. Åkerrein" kan vere det som markerar kanten på flaten der røysene ligg før det skrår ned mot vest.
Det er registrert ein grop som ikkje har vore omtalt tidlegare. Det er usikkert om denne har kome til i nyare tid.