Anlegget består av hustuft, steinmur, rydningar, kolgrop, tuft, åkerreinar.Lengst i NNV på ein låg NNV-SSA gåande grusrygg:1): Rektangulær hustuft. Orientert ANA-VSV. Vekslande markert, lite synleg i lendet. Tilvaksen med gras, mose og bærlyng, noko bjørk. Noko stein syner i veggjene som mest liknar tilgrodde vollar 2-3 m br. og 0,2-0,4 m h. Tufta rekk tvert over ryggjen den ligg på og murane i endane er utydelege, i ANA er dessutan ei ca. 3x3 m stor nedfallen lafta løe som skiplar spora. golvet er nokså flatt. Ikkje sikre spor etter oppdeling i fleire rom. L. ca. 22 m, br. 7-8 m.Langs VNV sida av ryggjen ca. 2 m SSA for 1:2): Steinmur. Orientert NNV-SSA. Nokså klårt markert, lite synleg i lendet. Delvis tilgrodd med bærlyng og mose, ei bjørk. Eit 2 m l. stykkje nær SSA ende er delvis fjerna. (Kanskje er dette restar etter ei hustuft, fleire spor kan tyda på ei eller fleire tufter her. Berre ei graving kan gi svar). L. ca. 8 m, br. ca. 1,5 m, h. opptil 0,5 m.Langs bekken ca. 28 m VSV for 1:3): Åkerrein. Slyngjer seg ca. NNV-SSA. Vekslande markert, lite synleg i lendet. Graskledd, litt småfuru. Ingen synlege steinar. Spora er some stader nokså utviska, det gjeld særleg i det midtre partiet, endane er tydelege. L. ca. 140 m, h. 0,2-0,6 m.I S del:4): 2 åkerreinar som 3. L. 20-25 m. Ved elva i N del: 5): Rektangulær tuft. Orientert N-S. Klårt markert, lite synleg i lendet. Tilvaksen med lyng, mose og bjørk. Mykje stein syner i veggjene som er 1,0-1,5 m br. og opptil 0,7 m h. V langvegg er gravt inn i bakkjeb. Det indre er ujamnt p.g.a. innrasa stein. Nyare tid. L. ca. 9 m, br. 6-7 m.På elvebråt lengst i SSA:6): Rund kolmile. Nokså klårt markert, lite synleg i lendet. Tilvaksen med bærlyng og mose, friske stubbar etter fellt bjørk. I skråninga mot A er ein ca. 1,0 m br. og ca. 0,4 m h. voll. Består ellers av ei skallforma grop der det vart funne ein del trekol i midten. D. ca. 3 m, djupne ca. 0,3 m. D. 4-5 m.Ca. 3 m VSV for 6: 7): Rund kolmile? Usikker. Dekka av bjørkeris.8): Langs elva er lagt opp rydningsstein fleire stader, men mest i nordre del. Her er og reinar, men for det meste truleg naturdanna.Over det meste av området:9): Gamal innmark med helst lite stein og for det meste nokså turr. S del av innmarka er i bruk også i dag. Pløyespor syner ca. 15 cm matjord over grusen, men den er vel tjullare mot åkerreina ved bekken10): Nokre stader er her rydningrøysar av vekslande form. Vekslande markert og synlege. Delvis tilgrodde og med ei vekslande mengd synleg stein. Ca. 11 stk vart oppdaga. 6 er 1x1-1x3 m i utstrekning og opptil 0,5 m h., 3 er 2x3-3x4 m i utstrekning og 0,3-0,5 m h., mens to måler 9x3 og 10x3 m og er 0,6 m h. Fleire av røysane kan vera frå nyare tid.11): I området er fleire uklåre spor eller menneskjeverk. Dessutan ei nyare tuft 3x3 m stor.Iflg. matrikkel 1665 (1668) låg øydegarden Tnøsdhall under Haugen og skylte 1 pd. smør.