Anlegget består av ei hustuft og minst 4 åkerreiner. Hustufta ligg omlag midt i anlegget, den errektangulær og orientert NV-SA. Vekslande markert, lite synleg. Graskledd, noko bærlyng. Ein del stein syner i veggene og ytterkanten tykkjes vera markert med større steinar, br. 1,0-2,0 m, h. 0,2-0,4 m. Ein tverr-vegg deler tufta i 2 like store rom. Golvet ligg nokså flatt. I SA ende syner spor etter prøvegraving ved Arnvid Lillehammer 1965. L. ca 11 m, br. ca 6 m.5-20 m NV for tufta er nokre steinar som kan tyda på at der har vore eit hus til. Anlegget er delt i 3 adskilte åkerområder og 3 av åkerreinene ligg i nedre (SV) kant av desse. Dei er nokså klart markert, vekslande synlege. Graskledde, av og til med bjørkerunner, ingen synleg stein. L. 50-100 m, h. 0,3-1 m.Den fjerde åkerreina ligg i det SA åkerområdet 3-8 m SV for fjell-skråninga som den går langs. Klart markert, mindre godt synleg. Graskledd, noko bærlyng, ingen synleg stein. L. ca 100 m, h. 0,4-0,8 m.Langs NA og SA kant av midtre åkeren, der tufta ligg, er det tydelege grøfter. Hustufta, midtre og SA åker ligg på gnr. 32/1, resten på gnr. 32/5.