Lengst i N:1) Rundrøys. Uklart markert og lite synleg. Gras- og mosekledd, lauvkratt, 1 stor osp og 2 store eik. Ein del stein syner. Overflata verkar noko omrota. D. ca 5 m, h. ca 0,5 m. Ca 30 m SØ for 1: 2) Rundrøys. Nokså uklart markert og lite synleg. Gras- og mosekledd,lauvkratt. Store delar av SØ-halvdel er fjerna slik at profilen NØ-SV, som for det meste består av fjell, er heil frilagt. 2-3 m innafor kanten i ØSØ ligg eit delvis øydelagt gravkammer orientert ØNØ-VSV. Det er bygd av større steinar med ei flat side vendt inn. Br. ca 0,6 m, dybde ca 0,5 m. Lengda er vanskeleg å angi då endane er uklåre, men den er minst 3m, kanskje 4 m. D. ca12 m, h. 1,5-2 m. Ca 28 m SV for 2: 3) Rundrøys. Nokså klart markert, men lite synleg. Gras- og mosekledd, lauvkratt. Nokre synlege steinar. Ligg på fjell som syner fleire stader i SV-del, denne del ser også ut til å bestå vesentleg av fjell. Utgravd i midtenog mot SØ. D. ca 9 m, h. ca 1 m. Ca 3 m SSV for 3: 4) Rundrøys. Uklart markert og lite synleg. Gras- og mosekledd med lauvkratt. Ein del stein syner. Lita grop i midten og mot SØ. D. 7-8 m, h. ca 0,7 m.