• 72840

    id
    • 72840
    datafangstdato
    • 1987-09-01T00:00:00Z
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2004-01-27T19:49:03Z
    informasjon
    • Ny skildring 2022: Ved kontrollregistrering i 2022 vart det registrert 13 røyser på et areal som strekk seg ca. 63 m N-S og 28 m V-A. Fleire av røysene var registrert i Askeladden frå før,geometrien på desse er oppdatert med CPOS RTK-fast GPS. Det ligg to røyser lengst nord 72840-9 og 72840-10. Den nordlegaste 72840-9 har ei fin jamn sirkulær form og er ca. 3 m i tverrmål og omlag 70 cm høg. Medan 10 er meir ujamn i overflata, usikkert om dette er ei skada gravrøys kor det er tilført rydningsstein i seinare tid, eller ei rydningsrøys. Omlag 22 m sør for dette ligg ei gruppe med 7 røyser (fleire av dei registrert i askeladden frå før, men med oppdatert geometri og skildring). Lengst sør om lag 25-30 sør for dette ligg fire røyser. Opphaveleg skildring (truleg frå Fett 1973): Innanfor eit område som måler 22 m N-S og 18 O-V er her 7 gravrøyser. Røys 1 som ligg lengst SO, er 3,5 m i tverrmål og 0,5 m høg.Inntil kanten av denne mot V ligg røys 2. Ho er 5 m i tverrmål og 0,5 m høg. Røys 3 ligg 4 m V for nr. 2. Ho måler 7 x 5 m, orientert N-S, og er 0,75 m høg. Røys 4 ligg 2 m NV for nr. 3. Ho har eit tverrmål på 3,5 m og er 0,5 m høg. Røys 5 som ligg 7 m ONO for nr. 4, er 5,5 m i tverrmål og 0,75 m høg. Røys 6 ligg 1 m VNV for nr. 5. Ho er 2,5 - 3 m i tverrmål og høgda er 0,3 m. Inntil denne mot N ligg røys 7, som er 6 m i tverrmål og 0,75 m høg. Alle røysene er graskledde, men steinar stikk i dagen kring i dei. Ingen av røysene har klåre spor etter plyndring. NB! 27 m NNO for røys nr. 7 ligg det ei mogleg gravrøys inntil eit berg som stikk i dagen. Tverrmålet er 4 - 5 m og høgda 0,75 m.
    kommune
    • 4613
    kulturminneId
    • 72840
    lokalId
    • 72840
    målemetode
    • 96
    nøyaktighet
    • 10
    oppdateringsdato
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opphav
    • Universitetsmuseet i Bergen
    versjonId
    • 20210217