Røysa måler 41 x 11 m, orientert N-S, og er 1,5 m høg. I endane er røysa noko smalare. Røysa er bygd av 0,2 - 1,0 m store steinar/blokker. Langs heile lengdeaksen er røysa utkasta i 2 - 3 m breidde og 0,5 - 1,0 m djupn. Det veks ein del mose, lyng, eine, bregne og lauvtrekratt på røysa, særleg langs kantane. Røysa er klårt avgrensa, og godt synleg i lendet.