Røysa er kring 10 m i tverrmål og 1 m høg. Ho er bygd av 0,2 - 1 m store, nakne steinar/blokker; dei fleste 0,5 - 0,6 m. Steinane/blokkene er noko tilvaksne med mose og lyng, særleg langs kantane av røysa. I sentrum av røysa veks ei bjørk og eit furutre. Røysa er noko omrota i midten og utkasta mot SV. Ho er relativt klårt markert, men ikkje særleg synleg i lendet.