Heile midtpartiet av haugen er no borte, slik at det berre er dei attverande 2-3 m høge kantane som markerer haugen. Høgast er kantane i N og S. Den vestlege kanten er også tydeleg, medan den austlege er mest utjamna. Haugen er dekt av tjukk grastorv, men i den nordlege snittkanten ligg røysa i dagen og syner at haugen er bygd av 20-50 cm store steinar/blokker. På den sørlege kanten av haugen veks ein del store buskfurer.