Kantane rundt røysa er klårt markerte og ligg som 1/4 til 1/2 m høge, lyngkledde vollar og syner at røysa har vore 18 m i tverrmål. Av sjølve røysa er berre tufta att og ligg no som ei mose- og lyngkledd flate. Særleg i den nordaustre delen, men her og der elles også, ligg 40-160 cm store blokker i dagen. Einskilde stader ligg 10-20 cm store steinar pakka kring blokkene.