35 m V for løa, tett i steingarden, ligg ein gras- og lyngvaksen haug, 5 m i tverrmål og godt 0,5 m høg. I midten er eit 0,5 m vidt og 0,5 m djupt søkk. I søkket kan ein sjå jordblanda røys med 15-25 cm store steinar/blokker. Oppå haugen veks små brakebusker og to små graner.Kring 15 m V for haugen, på nordsida av steingarden, ligg to små røyser tett i kvarandre. Begge er kring 2 m i tverrmål og 1/4 m høge. Dei er mose- og lyngvaksne. Nokre 15-25 cm store steinar stikk i dagen. Godt 10 m lenger V ligg ei tredje røys av liknande storleik og utsjånad. Desse røysene er ikkje utan tvil. I området vidare vestover ligg det nemleg også ein del steinsamlingar og "røyser" som må vere natur.