Lokaliteten ligg på ein liten lyngvaksen, tørr terrasse, rett opp for husmurane inst i Kvernehusvikja. Rett S for funnstaden stikk det opp ein 2-3 m høg knaus. Mot SV og SO går to mindre dalføre ned mot ei myr. Funnområdet er kring 7,5x7,5 m vidt. Det vart teke 8 prøvestikk. Tre av prøvestikka var funnførande. Lagfølgjen synte eit 15-17 cm tjukt torvlag.Utvaskingslaget var frå 5-10 cm tjukt. Anrikingslaget gjekk ned til ei djupn på ca. 10 cm før det gjekk over i sterilt. Funna vart gjorde i utvaskingslaget og eit stykkje ned i anrikingslaget. Utvaskingslaget var markert kolhaldeg.