Røysa som vert kalla "Kristofferrøysa", er om lag 19 m i tverrmål og om lag 3 m høg sett frå S og V. Ho er tydeleg markert i høve til omgjevnaden, og sidene er heller bratte. Ho ligg urørt. Røysa er bygd av 0,1 - 0,5 m store steinar/blokker, som ligg i dagen i heile søre del. Her er utkasta noko stein, og området er bert. Her er det òg små søkk som ligg på ei line om lag NO - SO.Røysa er tilvaksen med grastorv i nordre og vestre del. Her veks det noko klunger, og eit par små rognebusker. I søraustre kant veks det ei rogn.