Gravrøysa er 14 m i tverrmål og 1,5 m høg. Ho er bygd av kanta steinblokker, 0,1 - 0,5 m store. N for sentrum av røysa ligg eit krater, 2,5 m i tverrmål og 1 m djupt, og S for sentrum ligg eit noko mindre krater. I austre del av røysa er det bygd opp ei mindre røys som er 2 m i tverrmål. Røysa er utkasta i toppen. Ho er ikkje tilvaksen med vegetasjon, er klårt avgrensa og er godt synleg i lendet.