Feltet er om lag 330 m O - V og 80 m N - S på det breiaste. På bnr. 14 i den vestlege delen av feltet, ligg det 38 røyser og 3 tufter.Røysa nr. 63 på Fetts fk.nr.1, er halvmåneforma og orientert O - V. Mogleg er det ein rest av ei rund røys. Ho er 18 m lang og dekt av grastorv, lyng og einer. Dei andre røysene er frå 2 - 7 m i tverrmål.Tuft nr. 24 er orientert N - S, med opning mot sør. Ho er 9 x 9 m i ytre mål. Austre vegg er mest markert med ei stor steinblokk. Dei indre måla er 7 x 3 m. Tufta ligg i nedre terrasse og er heilt grasvaksen.Tuft nr. 19 er orientert O - V med opning i V. Ho er 9 x 8 m i tverrmål og ho er grasvaksen. Søre veggvoll er mest markert. Mogleg er det ei utkasta røys.Tuft nr. 12 er orientert NNV - SSO med opning mot sør. Ho er 10 x 9 m, og vestre veggvoll er mest markert. Tufta er gras- og mosevaksen med litt einer.Tuft nr. 10 er orientert N - S med opning i S. Ho er 8,5 x 7 m i ytre mål, og 3,5 m i indre breidd. Veggvollane er låge, særleg i nord. Tufta er tilvaksen med gras, einer og mose.På bnr. 8, som er den austlege delen av feltet, er både øvre og nedre terrasse dekt av lyngmark.Røys nr. 134 på Fetts fk.nr. 1, er ein langhaug som er 29 m lang og 5 m største breidd. Ho er orientert N - S og dekt med torv, lyng og enkelte einar.Røys nr. 71 er 12 x 8 m og 1 m høg. Ho har eit krater i nordlege del. Det stikk 40 - 50 cm store blokker i dagen og ho er tilvaksen med mose, lyng og einar.