Røysa er 6 - 7 m i tverrmål. I søre halvdel står det att ein skalk som er om lag 0,25 m høg. Elles er det berre tufta av røysa som ligg att. I sentrum av røysa rett N for skalken er det eit 2 x 1,5 m stort grunt søkk, orientert O - V. Røysa er heilt tilvaksen med grastorv, mose og nokre einer, og avgrensinga er difor heller uklår. 23 m lenger mot V ligg tufta av ei anna røys, men ho er heilt slett.