Gravrøysa ligg på ein bergknaus. Ho er bygd av mellomstor kampestein, men er nå dekt av torv, mose og lyng og dessutan ein del einerbusker i V-stre del . Røysa er svært øydelagd. I N-kant er det eit stort søkk. Ei helle ligg open i dagen. I V-kant er det eit stort avlangt søkk og ein del stein er her synlege i NV-enden. Røysa er dårleg markert og går nokså mykje i eitt med terrenget. Ca. 10 m i tvm., ca. 1 m høg.