Frå Per Fett: Steinkrans. Han er nemnt i litteraturen som tingplass og kampplass og teikna i plan av Christie 1824, Undal 1832 og av Stuwitz 1838. Dei to teiknarane samstavar nokolunde i storleik og form: sirkelrund, 34 alen (20 m) tvm. men Stuwitz noko mindre og Neumann seier 28 alen. Mot SO ei løkke eller eit øyre i halvsirkel. Christie seier der var 64 steinar i kransen og 7 i løkka, l/2 alen høge. I NV var ein 4 alen (2,4 m) brei "inngong", og rett innanfor og 8 alen frå inngongen låg tre steinar i trekant. Ikkje noko av dette er å sjå no. Prøvestikk 1942 (Eva og Per Fett) i midten viste at anlegget var bygt på berg, berre ein steinrast med jord over. Like under grassvorden fanst eit lag kol og brende båtnaglar etter jonsokbål i nyare tid. Det såg då ut som der var ein steinkrans i midten, 3 m i tvm. Der var ikkje teikn til grav. Frå Aksdal, 2004: Steinringen er i dag uråd å finna att på grunn av overgroing og kraftige einebuskar på området. Området kor steinkransen ligg vart påvist av grunneigar Kåre Juel.